Ein person smitta av korona-virus i Sande

Klikk for stort bilete CDC, Alissa Eckert  Ein person i Sande har i dag fått påvist positiv prøve og er smitta av korona-viruset.

Familie og nærkontakter blir varsla og sette i isolasjon til dei har fått testa seg og svara på prøvene ligg føre.

Legesenteret har smittesporings-team som jobbar med kartlegging av nærkontakter i slike høve. Legesenteret kontaktar desse og kallar inn til testing.

Vi minner om at alle bør følgje med på regjeringa.no sine råd og oppdaterte retningsliner i forhold til arrangement  og reiser og dei viktige råda om å 

  • halde avstand 
  • vaske hender 
  • vere heime om du blir sjuk

 

Ved symptom skal du kontakte legekontoret på 70026750 for avtale om testing. Ingen oppmøte for testing utan avtale på førehand.