Elisabet Aklestad ny økonomi- leiar i Sande


Elisabet Aklestad 

 Vi er veldig glade for at vår nye økonomileiar Elisabet Aklestad no er på plass hos oss i Sande.

Mange i administrasjonen kjenner Elisabet frå før, sidan ho går frå jobb som systemansvarleg i fagsystem økonomi i SSIKT til å vere økonomi-leiaren vår. Elisabet har også vore prosjektleiar i overgangen til nytt økonomi/HR/lønsystem i Sjustjerna og vil framleis halde tråden i dette prosjektet fram til prosjektet er i hamn. Vi ønsker Elisabet lukke til og velkomen til oss!