
NAV Sande har no vorte til NAV Hareid- Ulstein- Sande.Det vart gjort vedtak om samarbeidsavtale i kommunestyret før nyttår.
Dette fører til litt endringar.
På grunn av behovsendring vil NAV Hareid-Ulstein-Sande endre «Drop-in» tidene på lokaliteten Larsnes.
Frå veke 3 (14.januar) vil det vere ope for «drop-in» måndag og torsdag mellom klokka 10 – 12.
Vi gjennomfører planlagde brukarmøter som tidligare.
Kan eg bestille samtale med min saksbehandlar?
Ein kan gjere avtale om samtalar utanom opningstidene. Dette kan ein gjere gjennom www.nav.no – DITT NAV – innboks eller på telefon 55 55 33 33.
www.nav.no har ope heile døgnet.
Publisert av Elin Rokstad
Publisert 10.01.2019 15:10
Sist endra 31.01.2019 08:40