Er du den nye rektoren på Larsnes oppvekstsenter ?

Klikk for stort bilete

Er du ein utviklingsorientert, kreativ, tydeleg person som  kan vere ein samlande leiar for ei personalgruppe, er det kanskje deg vi er på jakt etter! 

Frå 1.5.2019 er det ledig 100% fast stilling som einingsleiar /rektor ved Larsnes oppvekstsenter. Skulen ligg på Larsnes, som er kommunesenteret i Sande kommune, og er ein barneskule (1.-7.) med om lag 85 elevar. Eininga har grunnskule (1.-7.) og SFO (1.-4.). Der er om lag 15 tilsette. Einingsleiar har økonomi-, personal- og fagansvar for heile eininga. Der ligg ikkje undervisningsplikt til stillinga. Dato for oppstart kan vere fleksibel.

Vi søkjer ein utviklingsorientert, kreativ, tydeleg og samlande leiar som evnar å få det beste ut av sine medarbeidarar og målrette arbeidet til beste for elevane.


Søkjaren må ha erfaring frå grunnskule, og pedagogisk utdanning, gjerne også leiarutdanning/rektorutdanning og/eller leiarerfaring. Vi legg vekt på haldningar, evne til samarbeid internt og eksternt, og det å vere motiverande, utviklingsorientert, resultatorientert og handlekraftig.

 

Vi kan tilby ein spennande og utfordrande jobb i eit kreativt og utviklande miljø gjennomsyra av kvalitetstenking.

Sande kommune utfordrar og løftar sine tilsette – og tek godt vare på dei!

Her finn du utlysingsteksta og søknadsskjema

 

Nærare informasjon får du ved å kontakte oppvekst- og kultursjef Øystein Johansen, tlf. 99291522.
 

Nærare opplysningar og elektronisk søknadsskjema finn du på www.sande-mr.kommune.no under ledig stillingar.

 

Løn etter avtale. Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale. Stillinga krev politiattest av ny dato.

 

Søknadsfrist: 22 . februar 2019

 

 

Sande kommune