Fagdag gir auka kompetanse

Fagdag gir auka kompetanse

Fagdag 15.oktober 2019   

Tysdag 15.oktober arrangerte oppvekstetaten i Sande kommune fagdag for tilsette i barnehagen og fag-ettermiddag for tilsette i skulen. Tema for alle handla om omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep.

Inge Nordhaug -  klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri - leia deltakarane gjennom dagen og ettermiddagen på ein framifrå måte . Dagen inneheld både teoretiske betraktningar og praktiske oppgåver der spørsmåla

Kva ser vi? og  Kva gjer vi? stod i fokus.

Innlegget til Inge Nordhaug handla om korleis omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep fort vert gøymt gjennom vår tendens til å forveksle reaksjonar med diagnosar og gjere reaksjonane til eigenskapar hjå barnet. Målet vert då fort å fjerne reaksjonane. Desse prosessane fører ofte til at den situasjonen barnet lever i vert kamuflert.

Dette var ein svært tankevekkande og lærerik dag som skal gi oss betre handlingskompetanse i slike vanskelege situasjonar, seier mange av deltakarane på fagdagen.