Kvart år er det felles fagdag i geriatri (læra om sjukdomar som opptrer i alderdomen) barne-og ungdomspsykiatri og psykiatri mellom samarbeidet i dei sju kommunane.
Samarbeid på tvers av kommunane
Fagdag i geriatri er fast siste veka i januar. I år vert den for første gong, av naturlege årsaker, gjennomført som webinar. Høgskulen i Volda er ansvarleg for den praktiske gjennomføringa av webinaret. Arbeidsgruppa består av praksiskonsulent og fastlege Stian Endresen, rådgjevar ved sjukehuset i Volda, Mona Ryste, einingsleiar korttidsavdelinga Ørsta omsorgssenter, Dagrun Opsal, seniorrådgjevar for ekstern aktivitet og FOU ved Høgskulen i Volda, Bjørn Gunnar Tafjord og koordinator i Sjustjerna helse og omsorg, Gro Anette Frøystad Voldsund.
- Vi får høyre Gerhard Hauge og kona Kristi frå Sande kommune, fortelje si historie. Gerhard var innlagt med covid-19 i vår, og var veldig dårleg. Kona hans var også smitta. Korleis opplevde dei desse månadane? Kva var viktig for dei i denne nye, og ukjente situasjonen? Ekteparet vil bli intervjua i studio (på høgskulen), av Stian Endresen, fortel koordinator i Sjustjerna helse og omsorg, Gro Anette Frøystad Voldsund.
Elles vil ordførar i Volda fortelje om akuttkrise, læring og vekst i samband med pandemien, og fagsjef i nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse viser oss kva konsekvensar isolering av eldre kan få. Prosjekteiar for velferdsteknologi i Sjustjerna tek oss gjennom styrking og meistring når ein må gjere ting sjølv, og innovasjonsrådgjevar i HMR viser oss videoløysingar og digitale moglegheiter. Avslutningsvis vil lungelege ved sjukehuset i Volda snakke om palliasjon (lindrande behandling i livets siste fase) og covid-19.
Dette blir viktig fagpåfyll for tilsette i helse- og omsorgssektoren!