Fakturering og betaling av faste tenester frå Sande kommune

Fakturering og betaling av faste tenester frå Sande kommune

 Faktura for januar 2022 er forsinka på grunn av overgang til nytt økonomisystem.

Som tidlegare meldt vert fakturering frå Sande kommune forseinka i januar 2022. Dette på grunn av overgang til nytt økonomisystem 01.01.2022.

Faktura som normalt har forfall i januar, vert fakturert så snart som råd. Det vil seie at det vert kanskje to fakturaer med forfall same månad for same tenesta.

Tips: Sett av pengar no i januar til fakturaen som kjem noko forseinka.

For dei som har AVTALEGIRO kan dette skape problem om det ikkje er teke høgde for det i max beløp på månadstrekk for avtalen.
Det er anbefalt at max beløp på avtale tek høgde for to forfall same månad.
For at ikkje trekk skal stoppe opp, kan du endre max beløp sjølv i nettbanken, eller ta kontakt med banken din for bistand.

Endringar i eFaktura

Det har kome endringar for eFaktura i 2022. Dette kan du lese meir om på denne nettsida: https://www.efaktura.no/privat