Feiing og tilsyn i Sande i år

Pixabay Det blir feiing i Sande kommune i veke 21.  Skredestranda får besøk først og så arbeider feiaren (brannførebyggaren) seg utover langs fjorden. Det er krinsane Haugsbygda, Larsnes, Sandsøy og Voksa som skal ha feiing. I Vågen vert det utført tilsyn.

Sande kommune har inngått avtale med Brannteknikk AS -  tlf 98779988  - for utføring av feie og tilsynsarbeidet.

Nytt fagsystem

Sande kommune har teke i bruk nytt fagsystem som på sikt gjev oss betre føresetnad for å utføre feiing og tilsyn etter behov jmf forskrift om brannforebygging §17.

Først vil alle husstandar verte kartlagt og lagt inn i fagdata-systemet.

Frå 2024 vil husstandane oppleve endring i forhold til tidlegare frå feiing/ tilsyn. Etter 2024 vil feiing/tilsyn bli utført vilkårlig i kommuna etter ei risikovurdering på bakgrunn av blant anna fyringsmønster og tilstand på fyringsanlegget. Enkelte vil få hyppigare besøk av brannførebyggar, medan andre har lågare risiko og vil få besøk sjeldnare.

Frå 2024 skal alle fritidsbustadar i kommuna ha feiing/tilsyn.

 

Digital kommunikasjon

Varsel om feiing vil bli sendt ut via sms minst to dagar før besøk. Rett etter besøket vil du få ei ny melding med informasjon om at feiing er utført/ ikkje utført, med eller utan merknadar. Rapportane vil bli lagra i “min eiendom” på kommuna sine heimesider. 

 

 

Brannførebyggaren vil i tilsynet registrere fyringsanlegg, sløkkjeutstyr, brannvarslarar og rømningsvegar. Ved tilsyn må eigar eller representant for eigar møte opp.

Ved feiing vil brannførebyggaren kontrollere tilkomst, tilstand på skorstein både over tak og innvendig, samt utføre sjølve feiinga.

Korleis får du varsel :

  • Varsel vil verte sendt ut på sms. Huseigar må svare på denne melding kun med tallet 1 eller 2 for å få bekrefta besøk eller få nytt tidspunkt. Varselet vert sendt ut på eige system så det vil vise avsendar frå eit 12 siffra nummer.
  • For at vi skal vere sikre på at det er registrert rett mobilnummer, må huseigar sjekke på https://www.norge.no/nn/oppdater-kontaktinformasjon  om rett nummer ligg inne.
  • www.varlsemeg.no kan de i tillegg legge inn fleire kontakter pr eigedom.

 

Les alt du treng å vite om feiing og tilsyn på eigedomen din.