Ferietid og feiring utan korona-smitte

Ferietid og feiring utan korona-smitte

CDC, Alissa Eckert Alle bør vere ekstra opptekne av smittefaren vi har rundt oss  - slik at vi unngår smitte.

Nyheitsbildet i desse dagar er prega av nye variantar av viruset og usikkerheit rundt kva desse vi føre med seg. 

Det er grunn til å vere på vakt og ikkje slappe av frå råd og retningsliner.

Ferie og reiser

Får vi tilreisande feriefolk frå andre stadar i landet må vi følgje råda som kommuneoverlegane på Søre har kome med. Slik må også vi sandssokningane forhalde oss når vi har vore på ferie utanfor distriktet og kjem tilbake.

Her finn du fleire råd om innanlandsreiser.

No er kanskje også dei nye variantane av koronaviruset rundt oss i Norge. Det veit vi ikkje enno.

Har du krav på deg om karantene kan du lese meir om kva du kan og ikkje kan gjere her.

Tenk på dine næraste og på nærmiljøet ditt

Har du vore på ferie andre stadar må vi oppmode om stor forsiktigheit når du kjem tilbake til lokalmiljøet, både i nabolaget og i familiesamanheng.

Smittesporing

Appen smittestopp er den nye smitteappen som kan fortelje oss om vi har vore i kontakt med smitte. Ta gjerne denne i bruk! 

Testing

Du kan teste deg i romjula ved Sande legesenter.

Gjer avtale før du møter opp. Det er lav terskel for testing i Sande.

Alle som kjem frå Storbritannia, skal teste seg ved ankomst. 

Les meir om kven som skal testast

Ca 2800 testar har vore gjennomført sidan mars 2020.

 

Gåva til kvarandre

  • Hald avstand
  • Vask hender
  • Ver heime om du er sjuk

 

Vis på denne måte omsyn! Ta heller ein prat på telefon eller lag utetid i lag -  så kan jula bli retteleg god!