Ferjekaiutbygging på rute 01 - kva skjer?

Ferjekaiutbygging på rute 01 - kva skjer?

Ferje og bilar i ferjekø - Klikk for stort bileteFerjekø til øyane i Sande Sande kommune

Ferjekaiutbygginga er ei stor og omfattande sak. Status no er at det vert arbeidd med mange forhold som er knytt til denne saka.

Det er sett igong ein søknadsprosess knytt til dispensasjon frå planverk og elles behandling av byggesak.

I forkant av dette må fylkeskommunen sikre seg grunnrettar på Larsnes, Voksa og Kvamsøya.

Sande kommune eig i dag mykje av den aktuelle grunnen på Larsnes og Voksa.  På Kvamsøya er det mindre justeringar som må gjennomførast.

Sande kommune v/ teknisk sektor ynskjer ikkje å avgi grunnrettar før ein er trygg på at Sande kommune sine innspel vert teke i vare på ein god måte.

 

Forhold som Sande kommune arbeider med no:

  • Ambulansekaier skal etablerast som betongflytekaier på Larsnes og Voksa.

Dette skal løysast med 32 meter lang betongflytekai (2 stk) på Larsnes og 16 meter betongflytekai på Voksa.

Lokalisering her vert som i dag på Larsnes og tilsvarande løysing på Voksa (bakside av ferjekai).

 

  • Skjerming mot badestranda på Larsnes med skjørt her.

 

  • Avbøtande tiltak for kommunekai.  Sikring av fundament på eksisterande kai.

Vi ynskjer elles at det vert sett nokre pælar i samband med utbyggingsprosjektet slik at kai kan utvidast noko mot vest.

  • Parkeringsplassar på Larsneset slik at reisande på øyane kan ha bil ståande i anleggsperioden.

Ein føreset då at Årvika vert anløpsstad i byggeperioden.

  • Ferjeruter mot Åram og øyane må avklarast.

 

  • Utbetring av oppstillingplassar i Årvika.  Dette kjem opp som eiga sak i samferdselsutvalet på komande møte.

 

  • Samfunnsbåten og ruteoppsett i anleggsperioden må avklarast.

 

  • Mindre grunne på Kvamsøya bør mudrast i samband med prosjektet.

 

  • Ein må få avklart om oppstillingsfelt på landside Larsnes kan forbetrast.

 

  • Ein må få avklart om oppstillingsfelt på landside Voksa kan forbetrast.

 

  • Sommarferje i komande sesong og elles få vurdert om det kan være 2 stk ferjer i anleggsperioden.

 

  • Det må utarbeidast ROS analyse for anleggsperioden.

Denne må utarbeidast når ein veit noko meir i forhold til korleis utbygginga vert.

 

Det er framleis  mange forhold i saka som ikkje er avklara og som det vert arbeidd vidare med.

 

Teknisk sektor

Sande kommune

Kontakt

Kjell Martin Vikene
kommunalsjef
E-post
Telefon 70 02 67 10
Mobil 90 88 21 70