Fin 17.mai-feiring i Sande

Klikk for stort bilete Ein annleis 17.mai vart ei fin felles feiring i Sande kommune.

I tillegg til å markere 17.mai og nasjonaldag vart den digitale feiringa av grunnlovsdagen ein fantastisk presentasjon av kulturlivet i Sande. 

Ei lita kommune som Sande har utruleg mange kapasitetar på ulike område som gjer at vi kan markere saman - også med avstand!  

Kulturskule, korps og kor, barnehagar og skular, UKM, film- og lydfolk, skodespelarar og talarar, store og små  - gjorde ein fantastisk innsats for at vi skulle få ei fin markering av dagen. Og det fekk vi!

Opptak frå dei markeringane som kunne gjennomførast i bygdene rundt vart sett saman på ein framifrå måte og presentert  i ei høgtideleg, avslappa og lun form på Sande nettsyn si sending 17.mai ettermiddag. 

Tusen takk til alle som gjorde dette til ei kjempefin oppleving  - det var faktisk veldig mange engasjerte enkeltpersonar og lag/ organisasjonar som gjorde at dette vart mogeleg.

Bebuarar fekk 17.mai stemninga 

Sandetun omsorgssenter la til rette for at bebuarane fekk sjå sendinga frå 17.mai i Sande. Dette sette dei stor pris på! 

Sjå gjerne sendinga om att på Sande Nettsyn. Det vil ligge ute ei vekes tid framover.

Gi støtte på Spleis

Om du vil sende ei "pengetakk" for innsatsen kan du overføre pengar til lag og organisasjonar på Spleis.no/.

Pengar til drift er også viktig for at vi skal kunne få rette 17.mai-stemninga neste år.