Fleire flyktningar til Sande?

Fleire flyktningar til Sande?

Kart, menneske - Klikk for stort bileteFlukt Pixabay

45 personar frå Ukraina vart i 2022 busette i Sande kommune. Vi har no før nyttår også fått oppmoding om å busette 20 personar  i 2023 og kommunestyret skal behandle denne saka i februar.

Vi har busett mange personar i høve til folketalet i Sande. Dette har stort sett gått veldig greit. Det har dukka opp ledige husvære etter kvart som vi har fått melding om nye busettingar, seier flyktningkonsulent John Fredrik Baade. 

Syklar og TV

Vi har også fått god hjelp av innbyggarar med litt praktiske ting og tang som vi har hatt behov for. Dei flyktningane som kjem no er menneske som meir har planlagt utreisa si frå området, og desse har stort sett med seg dei fleste ting som dei treng i starten. 

Syklar og vogner har likevel nokon  behov for når dei kjem, så det er fint om du tek kontakt med oss om du har noko  til overs. Om du har ein TV som kan koblast på internett, er vi også interesserte i det! 

Ta kontakt på telefon 70026700