Følg dei nasjonale råda

Følg dei nasjonale råda

For å unngå spreiing av koronavirus, er råda frå nasjonalt hald  å halde minst ein meters avstand frå andre utandørs. Ein bør heller ikkje vere meir enn fem personar saman.

Om leikeplassar, ballbingar og liknande blir samlingspunkt for store grupper under koronakrisa er det vanskeleg å halde seg til smittevernråda.

Vi bed om at heimane snakkar med barn og ungdom om reglane og kvifor det må vere slik ei periode framover.