Følg med på nasjonale råd - også når du er i feriemodus

Følg med på nasjonale råd - også når du er i feriemodus

Pixabay  
 Det er viktig at alle følgjer med på nasjonale råd om Korona-situasjonen også når vi ferierer.

Følg med på desse sidene og få oppdaterte opplysingar:

regjeringen.no

helsenorge.no

Folkehelseinstituttet

Og følg dei gode råda om å 

  • vaske hender
  • halde avstand
  • vere heime når du er sjuk
  • ha god hostehygiene

Skal du til utlandet?

Om du er på utenlandsreise eller vurderer dette, må du vere klar over at situasjonen i dei ulike landa fort kan endre seg og at det kan bli innført karantenereglar ved heimkomst til Norge.

Karantenedagar må kanskje takast som fridagar utan løn og gjer at du må halde deg heime frå jobb og samfunnet elles.

Helsepersonell i Sande 

På bakgrunn av anbefaling frå Helsedirektoratet, skal helsepersonell i Sande  som har vore på ferie i grøne land testast for korona. Ein skal ha negativ test før ein kan møte på jobb. 

Uteliv

Skal du ut på restaurant eller skjenkestadar seier Covid-19 forskrifta at 

"Ved serveringssteder som har skjenkebevilling skal servering av alkohol skje ved bordservering, og det skal være sitteplasser til alle gjester. Kommunen kan forby skjenking av alkohol etter smittevernloven § 4-1."

Dette kan vere greit å vite for både kundar og næringsdrivande. 

God sommar vidare!