Folkemøte om klima - 23.sep. kl 18:00 - 20:30, Breidablik, Larsnes

Folkemøte om klima - 23.sep. kl 18:00 - 20:30, Breidablik, Larsnes

Gjennom Parisavtalen har dei aller fleste landa vorte samde om at temperaturen på vår jordklode ikkje må stige med meir enn 2 grader i dette århundre. KORLEIS SKAL VI NÅ DETTE MÅLET?
Kommunane på søre Sunnmøre inviterer til folkemøte om klima, for å få innspel til korleis vi kan redusere klimagassutsleppa i regionen vår.

Kva for klimamål bør vi sette oss lokalt? Korleis kan det offentlege legge til rette slik at det blir enkelt å gjere miljøvennlege val i kvardagen? Kva for utfordringar og moglegheiter er det for næringsutvikling i det grøne skiftet?


Program:
18:00-18:15: ordførar Dag Vaagen ønsker velkomen
18:15-19:00: innlegg frå næringsliv og miljørørsla
19:00-20:00: gruppearbeid om gode klimatiltak
20:00-20:15: oppsummering frå gruppene
20:15-20:30: avslutning frå kommunen


Har de spørsmål om konferansen
kontakt oss på mail:
elin.almestad@sande-mr.kommune.no
eller tlf.: 473 77 895 eller 975 88 811.


Velkommen!
Arrangør er Sande kommune, Sunnmøre Regionråd og Klima Østfold 

 

Tidlegare denne dagen vert det arrangert ein konferanse  der alle Ungdomsråda i dei sju kommunene på søre Sunnmøre er spesielt inviterte.