Fordeling av kulturmidlar

Fordeling av kulturmidlar

Snekker Andersen og Julenissen Gamlebanken Scene

 

 Helse og oppvekst-utvalet fordelte kulturmidlar til lag og organisasjonar i kommunen på møtet 10. november. Av dei 200 000 som er avsett til dette føremålet gjekk kr 91 000 til fordeling mellom idrettslaga. 

Her finn du oversikt over fordelinga til lag og organisasjonar (PDF, 47 kB).

Dei mange små og store organisasjonane i Sande har stor aktivitet og betyr mykje for bulyst og glede i kvardagen.

Innsatsen dei frivillege legg inn er viktig for små og store. Vi ynskjer lukke til med nye og "gamle" prosjekt vidare! 

Vi mottek også gjerne foto frå ulike aktivitetar som organisasjonane held på med- send til

postmottak@sande-mr.kommune.no