Førebels valresultat er klart i Sande - høgare valdeltaking enn sist!

Klikk for stort bilete

Kommunestyre- og fylkestingsvalet er vel gjennomført og det førebelse resultatet er no klart!

Frammøteprosenten var høgare enn sist og ligg på omlag 63,5 %. Det syner at sandssokningen er engasjert og interessert i samfunnsutviklinga både lokalt og på fylkesplan.

Her ser du ei framstilling på det førebelse resultatet i Sande kommune.

Endeleg resultat vert klart i morgon ettermiddag tysdag 10.september. 

Då er alle retta røystesedlar registrerte og ein har klart endeleg mandatfordeling og kven som er valde inn i det nye kommunestyret.