Foreldreskule i Sande

Foreldreskule i Sande

  Hauemarkja barnehage  

 

Kva er Foreldreskule?  Kven gjeld dette? 

I Sande har ein jobba mykje med overgongen mellom barnehage og skule i fleire år, og for nokre år sidan hadde vi den fyrste Foreldreskulen som eit prøveprosjekt mellom Hauemarkja barnehage og Larsnes oppvekstsenter.

Det vart raskt utvida til å gjelde alle barnehagane og skulane, og i år hadde vi felles Foreldreskule for alle som har born som skal ta til på skule til hausten. Møte mellom foreldre frå alle bygder og øyar skapar fellesskap og samhald – som kjem borna til gode.

 

Margunn Rekdal - PPT Sande kommune   Denne veka var det Margunn Rekdal -leiar på Sande PPT  -  som snakka med foreldra om korleis alle kan bidra til å skape eit inkluderande miljø der alle høyrer til. Foreldra snakka saman i grupper for å finne dei gode svara.

I slutten av mai er det helsesjukepleiar og fysioterapeut som vil snakke om kosthald, kropp, utviklinga til ein 6-åring, skjermbruk og andre viktige tema. I tillegg vil rektorane vere tilstades og sei litt om skulane i Sande.

Vi er glade for at vi har fått til desse viktige og gode møtepunkta mellom foreldre og hjelpetenestene – saman kan vi få til det meste.