Formannskapsmøte 3 .april - fjernmøte

Klikk for stort bilete Dei komande møta i dei folkevalde organa våre får nye datoar. Vi legg til rette for fjernmøte på video og telefon. 

På grunn av koronasituasjonen  er det bestemt å utsette møta som var planlagde i mars/april.

 

Nye datoar vil bli fastsette etter kvart:

Førebels er dette fastsett: 

  •   3 april: Formannskapsmøte

  • 14.april : Møte i Ungdomsrådet, Eldrerådet og Rådet for likestilling av  personar med nedsett funksjonsevne

  • 15.april : møte i Helse- og oppvekstutvalet og Næring, teknisk og miljø

  • 21.april : Formannskapsmøte

  • 28.april:  Kommunestyremøte

Dei oppsette møta i mai og juni er førebels ikkje endra. 

 

Fjernmøte 

Av omsyn til smittevernet, planlegg vi for å halde møta i april som fjernmøte med telefon-/videokonferanse. 

Søre Sunnmøre IKT jobbar no med ei løysing for dette, og vi kjem tilbake med meir informasjon.

På grunn av koronasituasjonen er det fastsett ei ny forskrift om fjernmøte grunna fare for spreiing  av korona-viruset.

Her finn du oppdateringar på situasjonen i Sande kommune.