Førskulegjengen klar for førskulebading

Førskulegjengen klar for førskulebading

barn og bygg - Klikk for stort bileteHaugeliabarn er så glade i Sunnmorsbadet Sande kommune

Førskulegruppa ved Haugelia barnehage skal delta på førskulebading på Sunnmørsbadet i Herøy.

Det var ein spent og glad gjeng som reiste til Sunnmørsbadet tidlegare i dag. Dei alle hadde hatt det heilt topp og dei gler seg allereie til neste veke når dei skal på bading igjen.

Førskulebading handlar om vasstilvenning for barna, og det skapar grunnlaget for dei fire kjernefunksjonane, «dykke», «flyte», «gli» og «framdrift».

Dei tilsette i barnehagen har førstehjelpskurs og instruktørane har livredningskurs, så det er eit forsvarleg tilbod til barna.

Vi er glade for å kunne tilby barna dette, og håper at dette er noko vi kan fortsette med dei neste åra. Haugelia barnehage har også vore med to gongar tidlegare.