Forureining - no er det tid for opprydding!

Forureining - no er det tid for opprydding!

Bilvrak Pixabay Sande kommune har den seinare tid fått innspel frå innbyggjarar og andre knytt til ein del forureingsproblematikk som det no må ryddast opp i.  Det er teknisk sektor i Sande kommune som i hovudsak vil vere offentleg mynde knytt til forureingslova og oppfylgjing på dette området. Dette inneber at enkelte kan få pålegg om opprydding, fjerning eller utbetring av ulike forhold knytt til forureining.

Aktuelle problemstillingar som Sande kommune v/ teknisk sektor er kjende med er:

Landbruksplast  - plast i samband med rundballeproduksjon

Denne plasten kan leverast kostnadsfritt på SSR sitt anlegg på Myklebustmyrane. Føresetnad er at denne ikkje er iblanda anna materiale. Skiten landbruksplast kan leverast som restavfall. Landbruksplasten skal ikkje gravast ned eller verte liggande i naturen.


Plastforureining  

Vi har ein del restar av eldre oppdrettsanlegg rundt om i kommuna der mykje plast (Pe) ligg igjen. Grunneigarar her vil vere ansvarleg for opprydding. Private grunneigarar kan levere dette på SSR sitt anlegg på Myklebustmyrane. Bedrifter kan nytte aktørar innan bedriftsmarkedet (Franzefoss, SSR, Pgs, etc). Plast vert etterkvart omdanna til mikroplast dersom denne vert liggande lenge og dette må det ryddast opp i.


Luftforureining 

Bruk av ulike typer diesel/ bensinaggregat i nærleiken av bebyggelse kan også vere forureining og slik forureining der dette påvirkar den nærmaste bebyggelse, er ikkje akseptabelt. Tiltak her vil verte oppretta i samarbeid med Fylkesmannen.


Industriområde 

Industriområder og aktivitetar på dette området  skal ha nødvendig godkjenning både i forhold til plan- og bygningslova og løyve i forhold til drift.

Industriområder skal ikkje innehalde materiell som gjer at forureina væske sig ned i grunnen. Metallinnstallasjonar som ikkje lenger er i bruk kan leverast kostnadsfritt til aktørar innan renovasjon. Tiltak her kan vere i samarbeid med Fylkesmannen.


Køyretøy 

Køyretøy som ikkje lenger er i bruk skal leverast på godkjent mottaksplass. Vi har nokre tilfeller der eldre og avskilta  bilarvert ståande langs offentleg veg og på parkeringsplassar.


Forureining av naturen lokalt i Sande har også eit globalt perspektiv. FN sine berekraftsmål er godt forankra på alle politiske nivå samt i forvaltninga. Møre og Romsdal har sågar teke mål av seg til å verte berekraftsfylke nr 1 i Norge, og det pågår no eit omfattande kartleggingsarbeid basert på FN sine berekraftsmål i alle kommunane i Møre og Romsdal.


Når det gjeld forureining så rører dette ved fleire berekraftsmål – der berekraftsmål nr 12 kanskje er det mest sentrale for oss som innbyggjarar og for våre verksemder i Sande med omsyn til avfall og avfallshandtering. Dette berekraftsmålet retter seg mot eit berekraftig forbruk og ein berekraftig produksjon. Temaet er nært knytta til omstillinga av Norge til eit samfunn med lave utslepp, og til målsetting om å forvalte ressursane vi rår over på ein god måte. Dei siste tre fire 10-åra har til dømes avfallshandteringa vorte betydelig betre, og ordningar for avfall- og materialgjenvinning har i stor grad vorte «normalen» i dag. Det er derfor relativt lettvint å levere frå seg avfall i dag på ein god og forsvarlig måte for både hushaldningane og for verksemdene.

Sande kommune vil no fylgje dei aktuelle dei aktuelle områda og også gi pålegg mot den enkelte slik at får eit godt miljø for alle og elles i vare naturen rundt oss.

Sande kommune v/ teknisk sektor