Forut barneaksjon i Haugelia 24.oktober

Forut barneaksjon i Haugelia 24.oktober

Bilete av venen Mohammed og Nanah  

Haugelia barnehage skal i haust vere med på Forut barneaksjon. Det er eit pedagogisk verkty for barnehagar og barneskular som formidlar ei realistisk historie om korleis det er å vokse opp i eit anna land, kultur og under andre føresetnadar enn barn i Noreg.

Opplegget er basert på viktige element i Rammeplanen for barnehagen og læreplanen. I årets aksjon blir vi kjent med fire år gamle Nanah og livet på landsbygda i Sierra Leone. Vi får eit innblikk i kvardagen til Nanah samt at vi får vere med på blant anna landsbyfest og sjå korleis dei feirar nasjonaldagen sin. Sentralt i materiellet er den spanande forteljinga om korleis Sierra Leone, som betyr løvefjellet, fekk namnet sitt. Det er Klaus Sonstad som står for musikken.

I samband med dette vil Haugelia barnehage gjennomføre ein innsamlingsaksjon til inntekt for Forut sitt bistandsarbeid. Barnehagen skal dermed invitere foreldre, søsken og besteforeldre til ein ettermiddag i barnehagen med kiosksal og loddsal der alle inntekter går til Forut. Dette blir på FN-dagen, torsdag 24. oktober

Haugelia barnehage er så heldige at dei har fått sponsa fine loddpremiar med HårReisande, Myklebust Verft, Joker Gursken, Coop Larsnes og Ulstein betong.

For meir informasjon om barneaksjonen sjå nettsida: www.forut.no/barn