Frå 1. november 2020 er det Skatteetaten som har ansvaret for skatteinnkrevinga.

Frå 1. november 2020 er det Skatteetaten som har ansvaret for skatteinnkrevinga.

Pixabay  Skatteetaten får eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Etter 1. november er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i  Sane kommune.

Her kjem du til Skatteetaten sine nettsider.

Oppgåvene som blir overført til Skatteetaten i november er mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, motrekning og utleggstrekk knytte til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.

Skatteetaten sine nettsider oppdaterast med informasjon om skatteoppkrevjaroppgåver 2.november. Der vil du finne svar på mange spørsmål samt moglegheit for å sende inn spørsmål, søknadar, bestilling av utskrifter, klager m.m. via nett.

Skatteetaten tek ikkje i mot e-post, men ved å gå inn via nettsidene kan ein sende skriftlege meldingar om alle typar spørsmål. Treng du meir hjelp må du kontakte Skatteetaten i andre kanalar. Chat, telefon 800 80 000 og Facebook er dei raskaste måtane å få tak i Skatteetaten på.

Les meir om overføringa av skatteoppkrevinga frå kommunene til Skatteetaten på regjeringen.no