Fredag siste dag for førehandsrøysting

Fredag siste dag for førehandsrøysting

Tove C Kvamme - valansvarleg Mange har røysta og vi har ope i morgon fredag også - frå 9.30 - 15.00.

Dette opplyser Tove C Kvamme, valansvarleg i Sande. 

350 førehandsstemmer er motteke fram til lunsjtid i dag, og dermed er det fleire enn nokon gong før som har førehandsrøysta.

Har du bestemt deg for kva du vil stemme er det berre å kome innom rådhuset for å førehandsrøyste. 

Frå måndag 13.september er det dei ordinære vallokala som gjeld.

Røystestadar

På valdagen 13.september  kl 10-19  kan du bruke desse røystestadane

  • Gjerdsvika – gymsalen ved skulen
  • Gursken –gymsalen ved skulen
  • Kvamsøy – Høgtun forsamlingshus
  • Larsnes – Landsbyhuset Breidablik
  • Sandsøy  - gymsalen ved skulen

Rekk du ikkje å røyste i din eigen røystekrins, kan du stemme i ein annan krins i kommunen.