Friluftslivets veke 1. - 11.september

Friluftslivets veke 1. - 11.september

 1.–11. september inviterer friluftsråda i Møre og Romsdal til markering av friluftslivet si veke med feiring av Stikk UT! og den enorme turgleda som regjerer i fylket vårt!

Denne veka oppfordrar vi alle til å ta ein tur eller to til eitt eller fleire av dei 500 turmåla i årets sesong. Og ta gjerne med deg nokon på tur, når Stikk UT! no set fokus på verdien av å vere ute i naturen – Saman!

Les meir i invitasjonen her.  (PDF, 278 kB)