Fritt skuleval innan Sande kommune gjeld frå 01.08.20

Fritt skuleval innan Sande kommune gjeld frå 01.08.20

Pixabay

Elevar i Sande kommune skal som hovudregel gå på nærskulen sin, jfr Forskrift om skulestruktur i Sande kommune. (PDF, 613 kB)  Frå 01.08.20 har foreldre/ føresette høve til å søkje om at eleven skal gå på ein annan skule. 

Fristen for å søkje er  for neste skuleår er 1.mai. 

Korleis søkje? 

Her finn du søknadsskjemaet som du skal nytte. 

Når får eg svar? 

Du får svar fortløpande og innan 3 veker.

Kostar det noko ekstra? 

Meirkostnadar ved skyss er i utgangspunktet føresette sitt ansvar. Det vert i utgangspunktet ikkje oppretta nye skyssordningar som følgje av skulebytet. 

Her kan du lese reglane som vart vedtekne i kommunestyret 26.05.20  (PDF, 542 kB)