Frivillige lag og organisasjonar og momskompensasjon

Frivillige lag og organisasjonar og momskompensasjon

 

Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg.
Den 15. september vart det opna for at frivillige lag og organisasjonar som har bygt eller rehabilitert
idrettsanlegg- eller nærmiljøanlegg kan søkje om å få kompensert betalt meirverdiavgift kytt til
prosjekta sine.

Kven gjeld dette? 

Ordninga gjeld idrettsanlegg der bygginga er sett i gang etter 1. januar 2010.
Ordninga gjeld ikkje drift- og vedlikehaldskostnader.
Søknadsfristen er 1. desember 2021.


Søknader skal leverast elektronisk på eige søknadsskjema via nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Der finst det utfyllande informasjon over kva de må gjere før de søkjer, og rettleiing til sjølve
søknadsprosessen.
Ufullstendige søknader, inklusive vedlegg, kan føre til at søknaden ikkje blir behandla. Vi anbefalar
difor at de set dykk godt inn i ordninga før de søkjer.


Vilkår for å søkje:

  • Anlegget må vere ferdig før det kan søkjast om kompensasjon. Dersom utbygginga skal skjegjennom fleire byggesteg, er det berre byggesteg som er sett i gang etter 1. januar 2010 somkan vere med i søknaden.
  • Rekneskapsskjema og revisorrapport skal leggast ved søknaden.
  • For å kunne søkje må organisasjonen ha meirverdiavgifter større enn 15 000 kroner knytt til prosjektet.


Kven kan søkje?

Desse organisasjonane kan søkje:

  • idrettslag/organisasjonsledd i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité
  • (NIF)
  • idrettslag organisert under Samisk idrettsforbund
  • samanslutningar organisert under Norges Jeger- og Fiskerforbund
  • samanslutningar under Den Norske Turistforening
  • samanslutningar under Norges Bilsportforbund
  • samanslutningar under Det frivillige Skyttervesen
  • aksjeselskap/allmennaksjeselskap
  • stiftelsar
  • andre samanslutningar