Gapahuken er offisielt opna

Gapahuken er offisielt opna

Snorklipping ved gapahuken i Haugsbygda Kim Sætre Måndag 15.november fekk barnehageborna i Haugelia barnehage innvie den nye leikeplassen sin i skogen eit lite stykke frå barnehagen. 

Foreldreguppa ved barnehagen har saman med Haugsbygda bygdeutvikling (HBU) siste året planlagt og sett opp ein flott gapahuk i nærområdet sitt. 

Denne blir no nytta både av barnehagen og av bygdefolket. Gapahuken ligg lunt til i skogen og kan slik brukast i ver og vind heile året. Det er kort veg til gapahuken og den er lett å finne på skogsvegen i Haugsbygda . 

HBU har fått mykje økonomisk støtte frå lokalt næringsliv (Myklebust, PLA-ny med fleire), bygdefolket har har støtta med pengegåver, samt Gjensidigestiftelsen og Teft  ved Sparebanken Møre). Gursken idrettslag har også bidrege. Gapahuken er sett opp ved fleire dugnadar, der spesielt foreldre til barnehageborn har våre aktive. HBU er imponert overt dugnadsånda i bygda og korleis alle vil hjelpe alle. Til dømes er den flotte bålpanna med alt tilbehøret gitt frå inntektene på julemessa i Vikepetter-løda i fjor. «Det at alle engasjerer seg gjer det kjekt og givande å drive ein slik organisasjon» seier HBU leiar Tormund Hauge. 

Det var dei tre førskuleborna Hedda Kalland Muren, Mathilda Vik-Nyland og Sebastian Nymoen Hauge som fekk klippe snora-til gapahuken! Med seg hadde dei heile «Leikekroken» (storbarnsavdelinga i Haugelia barnehage). 

Einingsleiar og dei tilsette ved barnehagen er svært glade for å ha fått ein flott stasjon i skogen der det kan bli fin aktivitet og leik.