Gåva til Kongeparet - smakebitar frå det lokale næringsliv

 Under Kongeparet sitt besøk i Sande fekk dei overrekt ei gåve samansett av godbitar produsert i Sande kommune. Det er produsentar av lokal , kortreist mat som har som vil  dele dei gode produkta sine. 

I Sande  har vi mange som produserer kortreiste varer og i lista under finn du omtalen frå dei ulike givarane i denne samanheng. 

Gåva til kongeparet

Bøen Gard

Bøen Gard er eit småbruk som ligg vakkert til yst i havgapet på Hide i Gjerdsvika. Bøndene Bente og Trond Hide er så heldige å ha garden som sin fulltids arbeidsplass og har mykje å henge fingrane i. I tillegg til tradisjonelt sauehald, så tilbyr garden Inn på tunet tenester og gardsmat med råvarer frå eiga besetning.

 

Inn på tunet

Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Godkjende gardar tilbyr aktivitetar som gir meiningsfylt arbeid, meistring, utvikling og trivsel. Vi tilbyr dagtilbod med arbeidstrening, skuletilbod og avlastning med overnatting.


Målet til Bøen Gard er å gi tryggheit, trivsel og meistring. Tryggheit gir trivsel og meistring og mange opplever dette som utløysande for eigen kompetanse. Opplevingar med dyr og natur, eller andre trivselsfremjande aktivitetar, er ein viktig faktor for å nå dette målet. All aktivitet blir tilrettelagt individuelt opp mot den enkelte brukar. Og vi nyttar både garden og nærområdet for å treffe interesseområda til den enkelte.

Vårt tilbod er sterkt brukartilpassa. Det er slett ikkje nødvendig å ha interesse for dyr og gardsbruk for å kunne ha eit tilbod her hjå oss. Likar du rock'n roll, er du glad i å mekke, likar du båtliv og fisking, eller kanskje det er nok berre å ha ein vaksen å vere med? Vi tilpassar tilbodet alltid etter behovet. Ingenting er umuleg og det fins mange måtar å gjere ting på.

 

Gardsmat

Av 150 vinterfora sauer så blei det i år om lag 200 lam der mesteparten er av rasen Gammelnorsk sau (villsau). Vi sender dyra til slakteriet og tek tilbake om lag halvparten og foredlar skrottane etter lokale oppskrifter og metoder. Den sunnmørske fiskarbonden var nøye med å bruke alt på sauen. Nøysemda låg i ryggmargen på folk og å kaste mat var aldri aktuelt. Dette skapte matrettar som framleis står sterkt blant folk i dag og som har gitt oss stolte mattradisjonar, spesielt til jul.  Vi lagar  mør, pinnekjøt, spekekjøt (fenalår), spekebog, pinnebog, fårerull og saudehaud basert på oppskrifter og metoder frå Hide. Vi har også frilandsgris som går ute i sommarmånadane. Dei lever eit aktivt og lukkeleg liv og gir eit særs smakfullt kjøt.

Vi er så heldige å ha «gamlefolket» (foreldra til Trond) i full vigør. Dei bur på heimegarden til Trond og bakar både lefser og flatbrød.  

 

Vi er takksame for sauen som gir oss god mat, mange aktivitetar til Inn på tunet og at den beitar i fjell og fjøre og bidreg til det opne, vakre landskapet som vi har her på Hide. Berekraft på sitt beste!

 

Kråen Gard

Lokalmat frå Kråen Gard

 

Garden Kråen eller Krånå som den heiter på lokal dialekt ligg vakkert til i ei sydvendt skråning i Hallbygda. Ute ved kysten der fjorden går over til storhavet. Her er naturen frodig, samtidig som klimaet til tider kan vere hardt.

Sidan 1500 talet har det vore gardsdrift her , og det har tidvis vore dyrka mykje poteter, frukt og bær i tillegg til dyrehald.

 

Vi, dei noverande eigarane av garden, Terje og Veronika Grønmyr, tok over garden i 2017 og starta arbeidet med renovering av bygningar og kulturlandskap. På garden veks det mykje svarthyll og bærtre. Dette var ressursar vi ville nytte og utvikle vidare. Spesielt produkt frå svarthyll og solbær. I tillegg produserer vi glutenfire kaker og bakarvarer for salg i eigen gardskafe.

 

Produkta frå oss er Hylleblomstsaft laga av blomsten frå Svarthyll, ein populær og forfriskandes sommardrikk, om en blander den med farris eller ein litt syrlig Prosecco, gjerne med isbitar og ei sitronskive.

Vidare er det hyllebærsirup, som er laga av bæra frå Svarthyllen, dette er ein utmerket sirup til å smaksette iskrem og dessertar. Bæra er rik på antioksydanter og er også mykje brukt som kosttilskudd.

Vi har også lagt med vår gode solbærgele som er eit svært godt tilbehør til ost og kjeks.

 

Vi håper det fell i smak

 

Med beste helsing

 

Terje og Veronika

 

Kråen Gard

TANGO Seaweed

TANGO Seaweed dyrker makroalger langs kysten av Sunnmøre, og er slik blant de første i landet som produserer mat og råstoff på denne måten. Vi tilbyr per i dag to arter -butare og sukkertare, som vi tørker og kverner på mest mulig skånsom måte for å gi et produkt av høyeste matkvalitet.

Hovedbasen vår er lokalisert i Haugsbygda i Sande kommune. Vi er stolte over å ha en sterk lokal forankring «utanfor allfarveg», og drar spesielt stor nytte av å koble lokal fiskerikompetanse og «nevenytte» med forskningsekspertise både nasjonalt og internasjonalt. Disse møtene skaper nye tankesett og løsninger som gjør at vi kan være med på å legge premissene for en helt ny fremtidsrettet næring.

Kongeparet får smake på tre produkter vi har hatt til salgs lokalt på Sunnmøre, og som alle er gode døråpnere inn til en ny verden av mat og smak:

  • Butare Dryss gir mulighet til å utforske den rene smaken og fungerer både som salterstatter og krydder. Kan kombineres med både grønnsaker, sopp, fisk eller for eksempel på skive med kremost.
  • Nøtteblandingene våre er svært populære og er spesielt gode døråpnere til bruk av tare. Cashew-Nøttestrø med butare gir det lille ekstra på salat, pasta og lignende -eller rett og slett på is (og andre søte retter).
  • Brente mandler med smak av hav er en god snacks, som viser hvor godt det salte og søte passer sammen.

 

Maritim Food AS

Maritim Food AS Gjerdsvika

Er ei tradisjonsrik fiskematbedrift i Gjerdsvika, etablert i 1932. Den har vært ein viktig arbeidsplass i Gjerdsvika og Sande kommune, og har pr. i dag ca. 45 arbeidsplassar. Bedrifta produserer dressing, fiskemat og fiskehermetikk til det Norske markedet, og noko til eksport. Bedrifta er FSSC sertifisert og leverer hovudsakleg «privat brand» til dagligvarehandelen.

 

Produkta:

  • Fader Martin selskapsdressing er Norges mestseljande ferske dressing, og er ein av mange sauser og dressinger bedrifta produserer.
  • Sunnmøre makrell i tomat og Sunnmøre peppermakrell: Eit av Maritim Foods varemerke – hermetisk makrell er eit av våre hovudprodukt.
  • Sunnmøre hermetisk bacalao – Et godt middagsalternativ som ein bl.a. kan finne i DNT sine hytter i fjellet. Med ein loff og salat har du eit festmåltid på 10-15 minutt.
  • Sunnmøre hermetiske fiskeboller er en rimeleg kvardagsfavoritt som har vært produsert ved bedrifta i mange år
  • Maritim fiskepudding og fløtepudding representerer ein annan av hovudkategoriane til bedrifta, og vi hevder å lage Norges beste fiskepudding.

 

Sande sjømat

Sande Sjømat Da er ei lita familiebedrift som held til på Sandsøya i Sande kommune. Bedrifta vart skipa i 2008 og det er far og dotter, Odd og Kjerstin Sande  som står for den daglege drifta. Vi har nær tilknyting til det lokale fiskemottaket Finefish AS på Sandsøya, der vi arbeider ved sidan av å drifte Sande Sjømat. Odd er 73 år og deltidspensjonist, men er i full sving med eitkvart kvar einaste dag. Vi plukkar alltid frå dei beste produkta og steller og pakkar alt slik at det er førsteklasses og «gryteklart». Vi er opptekne av å ivareta den norske tradisjonsmaten og i størst grad med sjømat som råvare. Vi er sterke motstandarar av masseprodusert og hurtigprodusert mat,  og vi er tilhengarar av reine og kortreiste råvarer. Vi er opptekne av berekraftig utnytting av ressursane i havet og vil gjerne nytte alt på fisken,  og alle typar fisk og sjømat så mykje som mogleg, ikkje berre torsk og laks som er det mest kjende og «trygge» for mange.

Vi produserer også glutenfrie fiskekaker. Vi brukar berre heilt fersk fisk til dette, og i alle hovudsak fersk hysefilet som vi plukkar rett frå filetmaskina. Fiskekakene våre er svært populære og er etterspurt av mange. Vi greier sjeldan å produsere nok. Dronning Sonja har også ein gong tidlegare sett produkta våre, da vi hadde stand ved Alnes fyr ilag med mange andre frå Bondens Marknad Sunnmøre. Vi håpar at varen fell i smak også denne gongen. 😊

 

 Godbiter til kronprinsfamiliens hunder.

Vitbit AS er Norges ledende produsent og leverandør av tilskuddsfôr og godbiter basert på sertifiserte marine råvarer, med fokus på kvalitet og matvaretrygghet. Vi selger godbiter, snacks og fôr til hund og katt laget av 100% arktisk hvitfisk. Vitbit er basert på kvalitetsfisk godkjent til menneskemat, hvor vi anvender hele fisken for å sikre en bærekraftig utnyttelse av våre ressurser. Alle våre produkter kommer fra et godt forvaltet og bærekraftig fiskeri i henhold til internasjonale standarder. Vitbit passer til alle raser uansett alder og aktivitetsnivå. Det er allergivennlig, glutenfritt og fullpakket med protein og omega-3. Varene våre blir produsert og pakket ved Finefish AS sitt anlegg på Sandsøya.  

Vitbit Fish snacks er biter av 100% naturlig tørket norsk sei, uten tilsetningsstoffer Rik på Omega3 som er godt for pels og ledd på hunder. Det er en god proteinkilde som er enkel å fordøye sammenlignet med enkelte typer kjøtt. Bidrar også til å forebygge plakk og tannstein. Tørrfisken i 300 gr poser er biter tilpasset mellomstore og større hunder. Gies som godbit eller belønning.

Vitbit Booster 80 gr Er et naturlig kvalitetsprodukt av 100%tørket fisk i pulverform, uten tilsetningsstoffer og uten konserveringsmidler. Strøs på maten om hunden eller katten er kresen, eller bare som smaksforsterker.

Vitbit Hearts 80 gr Fristende, sunne og velsmakene godbiter til hund og katt av 100% tørket torsk – ingenting annet. Produsert av førsteklasses skinn og beinfrie fileter. Under tørkeprosessen forsvinner bare vannet og alle næringsstoff beholdes. Tørket og presset til hjerteformede pellets.