Gjer avtale med sakshandsamar før du kjem til rådhuset

Gjer avtale med sakshandsamar før du kjem til rådhuset

Sande rådhus Sande kommune Grunna nye nasjonale retningsliner der ein har som mål å redusere faren for å bli smitta av koronaviruset, bed Sande kommune om at du tek ein telefon før du kjem til rådhuset. 

Møte med sakshandsamar

Du kan avtale å gjennomføre møte digitalt -  anten på telefon eller skjerm   - eller evt ved eit fysisk møte etter nye oppdatere reglar.  

Kontakt og informasjon

Du kan nå oss på telefon 70026700 i tidsrommet 9.30-14.00

Om det er kø på sentralbordløysinga vår, kan du nytte heimesida for å finne kontaktinformasjonen til den du vil snakke med.

Du kan også sende ein e-post til saksbehandlaren eller postmottak@sande-mr.kommune.no

På heimesida finn du kanskje svar på det du lurer på. Viss ikkje er det fint om du brukar tilbakemeldingsknappen og legg igjen nokre ord om kva du leitar etter. Du vel sjølv om du vil gi oss din kontaktinformasjon.

 

Kommunedirektøren