Gjerdsvika hamn og ferdigattest

Gjerdsvika hamn og ferdigattest

Sande kommune har gitt ferdigattest for anlegget Gjerdsvika fiskerihamn.

Kystverket søkte om rammeløyve for tiltak i sjø knytt til Gjerdsvika fiskerihamn 20. des 2017.

Tiltaket omfatta utmudring av hamnebasseng og etablering at eit nordre og eit søndre deponi.

Grunna masse-samansetning og generellt mindre masser enn prosjektert  i hamnebassenget vart ikkje nordre deponi oppfylt som omsøkt i rammeløyve.  Det vart her eit avvik på ca 1,2 meter.

Sande kommune v/Teknisk sektor har vore særleg bekymra for om nordre deponi er i strid med tryggleikskrava i Plan- og bygningslova.  Ein har derfor vore skeptisk til å gi ferdigattest for anlegget.  Ein har nyleg innhenta ei ny juridisk vurdering for å være trygge på at ein ikkje vil kome i noko juridisk ansvar som konsekvens for at det vert gitt ferdigattest for nordre deponi.

Denne vurderinga saman med Statsforvaltaren si vurdering «Vi kan ikkje sjå at det er grunnlag for å slå fast at høgdeavviket tilseier at tiltaket ikkje oppfyller tryggleikskrava» gjer at Sande kommune v/Teknisk sektor nyleg har gjeve ferdigattest for anlegget.

Ein oppmodar Kystverket imidlertid til å dekke til eit område på nordre deponi for å unngå sandplager (sandstorm). 

Teknisk sjef