Gjestfrie Gjerdsvika

Gjerdsvika Trimgruppa Gjerdsvika Idrettslag Gjerdsvika har lagt til rette både for deg som er gjest og besøkande og til deg som vil drive næringsverksemd. Fantastiske turløyper er gjort godt synleg med god skilting og merking og tilsaman 45 ma ligg klart for ny næringsverksemd dersom du har behov for næringsareal.

Bedriftene i Gjerdsvika går godt

Maritim Food AS har reist seg på nytt og har auka både produksjon og produktutval. Stadt as er godt etablert og får stadig nye kontrakter som gir stabile arbeidsplassar. Sanco shipping as har stor tonnasje som dei har ansvar for og har sin base ved hamna i Gjerdsvika. John Gjerde as er den godt etablerte ventilbedrifta som står seg godt. Ventiq AS og JM Montering går også godt. 

Start opp

Har du lyst å etablere deg i Gjerdsvika saman med dei andre bedriftene, kan du ta kontakt med Sande kommune for å finne ut meir. Sande kommune har ledig areal for etableringar.

No blir det også satsa på endå betre kvalitet på vatnet med nytt renseanlegg som blir ferdig i år.

Det er også fokus på reiseliv og opplevingar- Jolly Good Times Sailing  - arrangerer båtturar der det måtte passe. Longs me land har padlekurs og guiding av padleturar medan Hide Gard og Glasdesign  arrangerer sosiale kveldar og småproduksjon av div. i glaskunst / saueskinn. Nystarta Gjerde båtskyss, fisketursime og servicetenester har også kome i gong. 

 

Visste du at Gjerdsvika har klatrevegg?

Ja, ekte klatrevegg altså - ut på Hide. Fleire grupper har no prøvd ut klatreferdigheitene sine i fjellveggen som ligg rett "under" Hidsegga, fjelltoppen som gir den fantastiske utsikta både ut mot havet og over heile området. Du kan også prøve deg på klatring på Gjøneset.

Til Hidsegga er det merka sti. Trimgruppa i Gjerdsvika idrettslag har lagt ned eit formidabelt arbeid for å lage gode turstiar, merke dei og sette opp god skilting. Og desse blir veldig godt brukte både av dei lokale og av tilreisande som veit dei finn fine turmål i bygda. Dei har også sett opp gapahukar på dei mest fantastiske plassar med god utsikt og fine fasilitetar. Kanskje vil du besøke Gjønasikt - gapahuk ved Gjøna - når den kjem opp? Dette er den fjerde gapahuken du kan finne og nytte i regi av GIL. Sikteroser er kome opp både på Hidsegga og Gjøna. Truleg har Sande kommune flest gapahukar per innbyggar...

I den nedlagde skulen etablerte gjerdsvikarane treningssenter for nokre år sidan med litt hjelp frå RDA-midlar. Her er det aktivitet gjennom heile veka - eit godt folkehelsetilbod. Gjerdsvika barnehage er i full drift - eit viktig tilbod for småbarnsforeldre. Gjerdsvika har ein ganske ny gymsal - her er høve til aktivitetar året rundt. Det kan du også ha ved Storøyra stadion, som ligg heilt ned ved fjøresteinane.

Midlar frå næringsfondet gjorde også at ein har saman med bygdefolket eit tilbod om drivstoff- Bunker Oil - ved Coop markedet i bygda.

Mat - kultur - kulturlandskap

Adolfbuda  og Fredtun er samlingshusa i Gjerdsvika. "Maritime dagar" er kjent for heile distriktet. Her er det  god sjømat på menyen i tillegg til andre spennande aktivitetar. Gjerdsvikarane er også kjende for boknasilda og torskemiddagane som dei byd inn til i vinter/ vårsesongen. Alt er dugnadsarbeid. Og kveitene ved oppdrettet  til Sande Seafarm vil ha meir plass, så dei jobbar med utviding

I tillegg har Bøen Gard tilbod om kortreist mat. Med litt hjelp av næringsmidlar, pågangsmot og godt humør blir buskapen på garden omgjort til gode produkt for salg. 

Kulturlandskap og innmark blir tatt godt i vare av dei få bøndene som er i bygda. Har du besøkt Brekkegarden som tilbyr eit mangfald av natur- og kulturaktivitetar?

Bu eller feriere?

No er hyttefelt på Hide etablert og mange har fått opp augene for den fantastiske utsikta og lyset du får ut ved havet.

Du kan gjere som gjerdsvikaren, fiske ved moloen, Gjøneset og Hidsneset, nyte solnedgangen her eller styggeveret - alt har sin sjarm..... eller besøke budeiene i Sædalen om sommaren.

Det er elles ledige kommunale leilegheiter i bygda og ledige kommunale tomter.