Gledeleg melding frå helsestasjonen - fødselsrekord i 2021

Gledeleg melding frå helsestasjonen - fødselsrekord i 2021

Pixabay  Det vart totalt fødde 31 barn i Sande i 2021, og vi har fått eitt tilflytta barn fødd i 2021. Totalt har vi 32 nye sandssokningar  i dette kullet!  

Dette er verkeleg eit topp-år , seier Sara F Wiik som er jordmor ved Sande helsestasjon.

21 jenter og 11 gutar vart fødde i 2021 og desse er fordelte på krisar slik: 

  • Larsnes: 9 born
  • Gursken: 12 born
  • Gjerdsvika: 5 born
  • Storholmen/Kvamsøy: 4 born
  • Sandsøy/Voksa: 2 born

Gjennomsnittleg fødselstal for Sande har dei siste åra vore rundt 20, så dette er noko vi kan glede oss over!