God dialog på møtet med Statsforvaltaren

God dialog på møtet med Statsforvaltaren

Fjell sjø - Klikk for stort bileteFrå Sandviktua

Statsforvaltaren har hatt dialogmøte med Sande kommune. 

Statsforvaltaren får årlege oppdrag frå alle departement og dei fleste direktorat. For å følgje opp og samordne alle oppdrag er Statsforvaltaren oppteken av god kommunedialog, og kjem difor ut på kommunebesøk til dei einskilde kommunane i Møre og Romsdal.

Tysdag 23. mai var det Sande kommune sin tur til å få besøk av Statsforvaltaren og hennar stab. Dei møtte formannskapet og leiarane i administrasjonen til eit felles dialogmøte, der både kommunen og Statsforvaltaren gjorde greie for sine vurderingar av kommunen sine tenester og forvaltningspraksis.

-Det var ei økt med god informasjonsutveksling og god dialog om gjensidige forventingar til kvarandre, sa kommunedirektør Renathe Rossi etter besøket.