God kapasitet på Sande legesenter

God kapasitet på Sande legesenter

Sande kommune  Sande legesenter melder at dei har god kapasitet - ikkje nøl med å bestille time om du treng!

Smittefare og koronavirus har stort fokus om dagen -  også i Sande kommune. 

Oppfordringa frå Sande legesenter er at personar som treng vanleg helsehjelp og kontrollar  MÅ nytte seg av legehjelp og bestille timar som før. 

Sende legesenter  bed om at ein ikkje vegrar seg for å  ta kontakt og å avtale legekonsultasjonar. Slik  kan ein få god hjelp og oppfølging - i tide. 

Videokonsultasjonar 

Legane tilbyr også videokonsultasjonar. Då kan du snakke med legen din heimanfrå . Det kan også vere praktisk om det ikkje er så lett for deg å kome  til legekontoret.

 

To legekontor

Sande legesenter er no delt i to- eitt smittevern-kontor og det vanlege legekontoret. Det er trygt å møte opp på legekontoret.

 

Koronavirus

Om du lurer på om du har fått korona-virus kan du ringe 

Sande legesenter tlf 70026750  - mandag-fredag 8-15

eller 116 117 utanom opningstida på legesenteret.

Du kan då gjere avtale om PRØVETAKING/ TESTING.

MØT IKKJE OPP FOR PRØVETAKING// TESTING  UTAN AVTALE.