God lunsj i snøveret

God lunsj i snøveret

Damer mat - Klikk for stort bilete Sande kommune

Helselaga i kommunen stiller gjerne opp for elevane i Sande. Det gjer dei også på Kvamsøya.

Kvamsøy oppvekstsenter fekk måndag besøk av helselaget på Kvamsøya, som laga til lunsj til elevane - med bollar og kakao.

Det var god stemning blant borna, og det smaka ekstra godt på ein dag med mykje snøvêr!

Oppvekstsenteret set stor pris på arbeidet helselaget gjer, og alt dei bidreg med for elevane.