Godt frammøte på folkemøtet om Ytre Søre som reisemål

Godt frammøte på folkemøtet om Ytre Søre som reisemål

Folkemøte Reiseliv Vanylven kommune Ordførar Lena Landsverk Sande og ordførar Olav Myklebust frå Sande ønska alle velkomen, spesielt dei frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og 2469 reiselivsutvikling.

Lena opnar med å minne om kor viktig det er å snakke godt om tilboda i kommunen si, men kanskje enda viktigare å snakke godt om dei andre kommunane også. Vi burde vere flinkare å sende turistane vidare til andre dersom ein ikkje kan tilby det dei ønskjer sjølv.

Tom Anker Skrede, reiselivssjef for Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS) fortsett tråden med at det er eit stort behov for meir samhandling mellom aktørane.

Målet for prosjektet som DÅS saman med 2469 reiselivsutvikling skal starte er at ein skal samle regionen i ei felles satsing på reiseliv. Turistane bryr seg ikkje om kommunegrensene, og derfor må tilboda kome også på tvers av kommunegrensene.
Skrede påpeikar at reiselivstilbodet vil påverke attraksjonskrafta ikkje berre for turistar men for lokalbefolkninga generelt. Dette kan då vere med å påverke til auka busetjing, og at ungdomane som må ut av kommunen for å studere vil vende heimover.

Jan Sverre Sivertsen frå 2469 reiselivsutvikling fortel at etter dette folkemøtet er det workshops som står for tur. Det er «verkstadsamlingar» for heile regionen der ein kan sette saman fleire produkt til «pakkar». Sivertsen meina det er store moglegheiter her på ytre søre Sunnmøre til å oppgradere reiselivet.
Vidare snakkar han om kor viktig det er å tenke berekraftig no og ikkje seinare. Med det meinar han økonomisk bærekraft og sosial bærekraft. «Ein berekraftig region skapar verdiar no, men tek vare på ressursane slik at den kan fortsette å skape verdiar i framtida.
Om vi ikkje tek hensyn til berekraft no, so er det ikkje vits å snakke om framtida».

Dei nemner begge at det viktig å hugse på at Vanylven og Sande er som regel ein turistdestinasjon der folk er på rundreise gjennom regionen. Dei er ikkje 10 dagar i Vanylven, men kanskje 10 dagar i Møre og Romsdal. Då er det viktig at vi kan opprette produktpakkar på tvers av kommunegrensene slik at turisten får med seg alt.

På slutten av møtet vart det stilt 5 viktige spørsmål:


1. Kvifor treng vi gjestar?

2. Kva har vi å tilby dei som besøke oss?

3.Kor og kva tid vil vi ha gjestar?

4.Kven vil vi invitere heim?

5. Korleis får vi tak i dei som skal besøke oss?

Alle var med å diskutere i plenum. Og det vart gitt ros fordi det vart tenkt mykje utanfor kun sitt eige område.

Vi takkar Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og 2469 reiseutvikling for dette inspirerande møte, og ser fram til samarbeidet vidare.

 

Kva skjer vidare? 

Det blir arbeidsmøter med vidare idemyldring no framover våren, og desse bestemmer litt vegen vidare for prosjektet. 

Vi kjem med meir informasjon.