Gratis kjernetid i SFO Pixabay Det er varsla innføring av gratis kjernetid i SFO for elevar som er påmeld SFO i 1.klasse frå 01.08.2022. Ordninga inneber ei moderasjonsordning på 12 timar per veke i fråtrekk på eigenbetalinga i SFO det skuleåret barnet går i 1.klasse. Denne ordninga kjem i tillegg til ordninga med redusert foreldrebetaling til hushaldningar med låg inntekt. Barn med særskilte behov har i tillegg til gratis kjernetid i 1.klasse, tilbod om gratis SFO 5. – 7.klasse. Søknadsfristen for søknad om plass i SFO er 15.april. Kva kostar ein ordinær plass? Skulefritidsordning - 2022 Skulefritidsordning - 2022 Opphaldstid Pris pr mnd Pris pr time inntil 8 t/ v kr 1240 inntil 12 t/ v kr 1860 inntil 15 t / v kr 2320 inntil 20 t / v kr 3100 Ekstra dag kr 200 Mat kr 13 pr ettermiddag Betaling for 10 mnd pr år- tal på dagar i juni og august. Juli fri. Sommar -sfo 40 Her søkjer du Her kan du lese meir om SFO-tilbodet. Publisert av Elin Rokstad Sist endra 07.04.2022 11:01