Tareholmen 4H sin gapahuk på Kvamsøya
Christer Lundberg Nes
Klokka 13.00 går ein i fellesskap til Tareholmen 4H sin gapahuk. Ved gapahuken blir det laga bål som skaper rammene for ei hyggeleg stund i gapahuken. Det vert også aktivitetar for borna og resten av familien.
Turen blir gjennomført i samarbeid med den frivillige organisasjonen som har sett opp gapahuken som turen går til. På Kvamsøya er turen i samarbeid med Tareholmen 4H og friluftsrådet.
Aurora Lotsberg Marjala og Maja Juul Hansen er naturguidar for friluftsrådet på turane. Aurora fortel at opplegget blir spennande for alle, og spesielt lærerikt for dei yngre: «Vi skal rote i skogbotnen, snakke om dyreliv og planter og lage bål i lag. Medan det blir tilbod om noko varmt å drikke (kaffe/te/saft/kakao) skal vi høyre fortellingar rundt om bålet og finne hygge og varme, no som kulda og mørket kjem nærmare med vinteren.»
Ta gjerne med eigen kopp til drikke som kaffi og kakao. Arrangementet er gratis og ope for alle!
Er ein litt sprek treng ein ikkje å ta bilen over til Kvamsøya. Det er litt over 1 km til oppmøteplassen frå fergekaia og litt under 1 km vidare til gapahuken.
Tid : Laurdag 11. november 2023 Kl 1300 - 1530
Stad: Dei som vil delta møter opp ved klubbhuset på stadion på Kvamsøya litt før kl 13.00
Tilrådd ferge: 11.40 frå Larsnes
Fergeruter finn du her: https://frammr.no/reiseplanleggaren
Kvamsøya er veldig flott og byr på mange moglegheiter. Nytt gjerne høve til å gå vidare til Myrvatnet og Nonshornet. Dersom du har tatt med bilen over bør du nesten ta turen bortom Ristesundet.
Bli også gjerne med Sunnmøre friluftsråd til: Strandafjellet søndag 12. november med Stranda Rotaryklubb. Oppmøte kl. 10.30 ved p-plassen ved Stranda Skisenter.