Grønt nivå i barnehage, skule , SFO og kulturskule

Grønt nivå i barnehage, skule , SFO og kulturskule

 Regjeringa har oppheva dei forskriftsfesta nasjonale gule og raude tiltaksnivåa som vart innført før jul.

Trafikklysmodellen vil vere gjeldande, og barnehagar og skular skal framleis drive smittevernfagleg forsvarleg, noko som tyder minimum grønt nivå. Kommunane må no gjere eigne vurderingar av situasjonen lokalt, og bestemme kva nivå som skal vere gjeldande lokalt.

 

Grønt nivå i Sande

Kommuneoverlegen vurderer situasjonen slik at det ikkje er grunnlag for å vere på gult nivå i Sande kommune. Barnehagar, grunnskular, SFO  og kulturskule skal no gå over til å drive på grønt nivå.

 

Viss smittesituasjonen skulle endre seg, vil endra tiltaksnivå bli vurdert.