Har du fått positivt resultat på sjølvtest – registrer det her på sida

Har du fått positivt resultat på sjølvtest – registrer det her på sida

Pixabay  Her finn du også litt informasjon om sjølvtestar, PCR og registrering av positivt testresultat når du har brukt sjølvtest.

Registrering av positivt resultat på sjølvtest

  • Dersom du får positivt resultat på sjølvtest (testen viser at du har covid-19) ber vi om at du registrerer det.
  • For at vi skal halde oversikt over smittesituasjonen, er det viktig at flest mogeleg registrerer positivt testresultat.
  • Du kan registrere det positive resultatet på dette elektroniske systemet.
  •  Det er mange i heile landet  som registrerer positiv sjøltest på same tid. Difor kan det nokre gongar vere vanskeleg å kome gjennom og få registrert seg. Det er altså ikkje din telefon , nettbrett eller PC som ikkje funkar, men det er "stor pågang...". 

  • Om du ikkje får logga deg på , kan du ringe inn positivt resultat på Sande legesenter sin telefon 70026750.

Har du symptom, ta ein hurtigtest

  • Helsedirektoratet anbefaler at alle med symptom på covid-19 tek ein sjølvtest. Du får gratis sjølvtest  frå kommunen dersom du har symptom. Desse får du gratis ved alle Coop-butikkane i kommunen,
  • Alle som tester positivt på sjølvtest skal i isolasjon i fire døgn og sjølv informere nærkontakter. Informasjon om isolasjon på helsenorge.no

Er sjølvtestane sikre?

  • Positive resultat av sjølvtestar er veldig sikre. Dersom testen viser at du er smitta, kan du rekne med at det er rett.
  • Det er ingen smittvernfagleg grunn til å ta en ny test for å bekrefte positivt resultat av en sjølvtest.

Kven skal ta PCR-test?

Dersom du er i ei av gruppene under, ta kontakt med kommunen for å få tatt PCR (eller annen test) for å bekrefte resultatet av sjølvtesten:

  • Barn opp til 16 år (på grunn av vaksine)
  • Uvaksinerte
  • Personar i risikogrupper
  • Personar som ikkje har fått tre doser og treng koronasertifikat

Du som har tre vaksiner bør ikkje ta PCR for å bekrefte positiv selvtest

  • Du som har fått oppfriskingsdose (boosterdose) eller har fått to vaksinedoser og hatt covid-19 i løpet av dei siste tre månadane, bør ikkje lenger ta PCR for å bekrefte positivt resultat av en sjølvtest. (Positivt resultat betyr at testen viser at du har covid-19.)
  • Det er no stor belastning på test- og analysekapasiteten hos kommunene og på laboratoria. For ikkje å auke belastninga på kommunene og laboratoria, er det viktig at du ikkje tar PCR dersom du ikkje har behov for det.