Har du fått SMS om helse og sjukdom?

 Klikk for stort bilete PXhere.com    Innbyggjarane i Møre og Romsdal fylke deltek i ny, nasjonal undersøking om helse og sjukdom.

Noreg ønskjer å redusere for tidlig død av ikkje-smittsame sjukdomar med 30 prosent innan 2030. Data frå ei ny undersøking vil gjere at helsestyresmaktene kan følgje med på utviklinga av desse sjukdomane, som kreft, kols, diabetes, og hjarte- og karsjukdomar.

- Livsstilsfaktorar som vekt, kosthald, fysisk aktivitet samt alkohol- og tobakksbruk er såkalte helseindikatorar. Dei kan fortelje korleis framtidig helse vil bli, forklarer professor Inger Torhild Gram ved Nasjonalt senter for e-helseforskning. Ho leiar arbeidet med den nye undersøkinga som skal foregå ved hjelp av mobil.

- Undersøkinga «Helse og sykdom» vil gi styresmaktene viktig informasjon på ein enkel måte slik at dei kan sette i gang tiltak som betrar folkehelsa, forklarer professoren.

Frå og med laurdag 5. oktober vil tilfeldig utvalde personar i Møre og Romsdal fylke motta ein SMS kor dei blir bedt om å svare på ei kort spørjeundersøking. Det vil ta om lag 5 minutt å svare.

 

Kontakt oss:

Klikk for stort bileteInger Torhild Gram

 

 

Fakta:

  • Undersøkinga Helse og sykdom er Norges første nasjonale undersøking som planlegg årleg digital innsamling av informasjon om livsstilsfaktorer. 
  • Undersøkinga rettar seg mot 11 000 kvinner og menn tilfeldig uttrekt frå Folkeregisteret. Personane er i alderen 16 til 69 år, frå heile landet, og har eit registrert mobiltelefonnummer.
  • Prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd.
  • Prosjektpartnarane er Nasjonalt senter for e-helseforskning, Universitetssykehuset Nord-Norge, Healthcom AS og Institutt for samfunnsmedisin, UiT Norges arktiske universitet.
  • Store befolkningsundersøkingar  i Norge: Kvinner og Kreft, Tromsøundersøkelsen, Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag, Fylkesundersøkelsene, 40-årsundersøkelsene og Hordalandsundersøkelsen.

 

- Vi håper så mange som mogleg vel å svare. Det er vår framtidige helse det gjeld, og alle bidrag er kjempeviktige! understrekar professor Gram.