Har du forslag til kandidatar til fylkeskulturprisen 2023?

Har du forslag til kandidatar til fylkeskulturprisen 2023?

Ungdom frå kulturskulen UKM. F.V Elias Kleppe,Isabell I. Skoge, Ludvik B. Leikanger og Marikken Knotten - Klikk for stort bileteUngdom frå kulturskulen og UKM. F.V Elias Kleppe,Isabell I. Skoge, Ludvik B. Leikanger og Marikken Knotten Sande kommune

Kjenner du nokon som har lagt ned ein spesiell innsats for kulturlivet i Møre og Romsdal? Då vil vi høyre frå deg!

Kven kan få prisen?

Prisen skal heidre stor innsats for kulturlivet i fylket og kan gå til ein person, gruppe av personar, lag eller organisasjonar som

  • høyrer heime i fylket
  • har sterk tilknyting til fylket
  • viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
  • har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping 

Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Prisen

Prisen er eit diplom og 50 000 kroner. Fylkeskulturprisen blir delt ut på fylkestinget i desember.

Har du eit forslag?

Meld inn din kandidat med grunngiving i skjemaet, innan 15. oktober.​ Skjemaet finn ein på denne lenka: https://mrfylke.no/tilskot-prisar-og-stipend/prisar/fylkeskulturprisen-2023