Har du gåver eller blomster til dine på Sandetun omsorgssenter?

Klikk for stort bilete Pixabay Det går fint å få levere gåver eller blomster til dine kjære på Sandetun omsorgssenter.

Besøksforbodet må desverre gjelde vidare.

Når du kjem til Sandetun - inngongsdøra  - ringer du på telefonen til avdelinga og nokon frå avdelinga vil kome ut å ta imot  helsinga.

Telefonnummeret til avdelinga finn du som oppslag på døra. 

Pårørande kan også  få snakke med sine på Facetime eller Skype. Det er berre å ringe avdelinga for å gjere avtalar.

Med ynskje om ei god påske frå  Eining for pleie og omsorg.