Har du motteke eFaktura utan at du har bestilt?

Har du motteke eFaktura utan at du har bestilt?

Lurer du på kvifor du har motteke eFaktura utan at du har bestilt, finn du svaret her!  

Kvifor har eg fått eFaktura utan at eg har bestilt dette ?

eFaktura er ei løysing styrt av Nets som leverer tenester til bankane. I slutten av 2018 innførte dei ei teneste som let kundane velje å automatisk opprette eFaktura-avtale med alle dei betaler rekningar/fakturaer til. Dette har ført til at ein del kundar har fått eFaktura-avtale utan å eigentlig ynske dette.

For å avslutte din eFaktura-avtale må du logge inn i din nettbank og fjerne avtalen. Dersom du ikkje ønsker å få eFaktura-avtalar automatisk oppretta i framtida må du også fjerne valet om automatisk oppretting. Din bank kan hjelpe deg med dette.

Du kan også lese meir om dette på https://www.efaktura.no/privat på dei spørsmåla som gjeld "eFaktura Ja takk til alle"

 

Vipps og eFaktura

  Mottek du eFaktura i Vipps er det fordi du har takka ja til eFaktura via nettbanken

Du kan sjølv endre på dette i Vipps. Slik gjer du det:

1. Logg inn i Vipps og trykk på Profil
2. Under Rekningar og eFaktura kan du skru av følgjande:

  • Vis rekningar i Vipps - Her vel du om du vil betale i Vipps eller nettbanken
  • Alltid Vipps eFaktura - Her vel du om det automatisk skal opprettast eFaktura-avtale når du betalar ei rekning til ei bedrift som har eFaktura – denne skrur du av
  • I tillegg må du avslutte eFaktura-avtalen i nettbanken din.

Det er også slik at varsel om eFaktura skal sendast på e-post basert på den e-post adressa som er registrert i nettbanken.  Så dette er noko de eventuelt kan ta opp med eigen bank.

Dersom ein person betalar rekning/ faktura for ein annan i sin nettbank, og har «ja takk til alle» aktivert i sin nettbank, vil denne personen få alle rekningane/ fakturaane til denne personen som eFaktura i sin nettbank. Har personane Vipps i tillegg kjem dei også direkte dit.


Fleire råd om Vipps og fakturaer finn du på denne sida:
https://vipps.no/hjelp/vipps/betale-regninger/