Har du tid til å gjere noko meiningsfullt for andre?

Har du tid til å gjere noko meiningsfullt for andre?

Pexels.com Har du tid til overs og ynskjer å gjere noko  meiningsfullt for andre?

Sande kommune har behov for personar som kan vere støttekontakter. Vi treng støttekontakter i ulike aldersgrupper  - og det er ulike aldersgrupper som treng hjelpa di ! Opplæring vil bli gitt.

Kva er støttekontakt og kva ligg i ordninga? 

Dersom nokon treng hjelp og assistanse for å kome seg ut til fritidsaktivitet, kulturtilbod eller vere med i sosiale samanhengar kan støttekontakt vere løysinga for personen.

Pixabay  Vil du vere støttekontakt kan du vere med å gi ein person ei meiningsfull fritid, sosialt samvær, venskapleg hjelp og rådgjeving. Det kan vere at de går på tur saman eller besøkjer kafe, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar som passar personen du skal hjelpe.

Fritidstilbodet skal baserast på ønske, behov og forutsetningar for personen som treng hjelp. Praktiske gjeremål og transport er ikkje primære oppgåver for støttekontakta.

Støttekontaktene må skrive under på at dei har teieplikt. Teieplikta gjeld også etter at støttekontaktperioden er avslutta.

 

Vil du vere støttekontakt? 

Då kan du melde deg på dette skjemaet. 

 

Pexels.com  Vi tek kontakt med deg etter kvart for å finne ut om våre behov for støttekontakt-personar samsvarar med dine ønske om arbeidsoppgåver. 

Ta kontakt om du har spørsmål. 

Kontakt

Wenche Brit Thorseth
einingsleiar helse og koordinerande eining
E-post
Telefon 70 02 67 40
Mobil 91 62 58 95