Heile buketten på Sande legesenter

Klikk for stort bileteHer er heile buketten med glade medarbeidarar ved Sande legesenter!

Ved Sande legesenter er det  litt endringar frå august månad.

Lege

Ørjan Yri er tilsett som ny lege ved kontoret. Ørjan Yri kjem frå ei stilling ved Herøy legesenter.

Torstein Vattøy er framleis ute i permisjon - og for han vert det vikar inne til han er tilbake i mars 2020.

Kommuneoverlege Asta Sileikiene held fram som før. 

Helsestasjonen

På helsestasjonen er det to helsesjukepleiarar som avsluttar - Katrin og Vibeke. Den nye leiande helsesjukepleiaren i Sande kommune er Sara Fugledal Wiik. Ho er utdanna jordmor og vil vikariere i denne helsesjukepleiar-stillinga til Janne Jonasmo er tilbake frå permisjon. 

Sande kommune har fått  ny jordmor - Solfrid Ulstein Riise. Ho er å treffe på telefon 94842165 

Fysio

 

Fysioterapien er også tilknytta Sande legesenter. Kristina Meinseth, Kristine Rein og Kristian Teigen finn du på Sandetun - i fysiolokala ved den gamle hovedinngangen.

Saman med dei dyktige legesekretærane er dette eit godt team som gjer sitt beste for at alle innbyggarane i Sande skal få gode lege- og helsetenester. 

Du finn fleire opplysningar her.