Helsestasjonen opnar for meir normal drift

Helsestasjonen opnar for meir normal drift

Sande helsestasjon Pixabay  Fredag 17.april  vart det klart frå Helsedirektoratet at helsestasjonar skal opne for meir normal drift.

Det vil seie at vi no skal vere opne for vanlege konsultasjonar - også konsultasjonar utan vaksine.
Dei som har fått beskjed om telefonkonsultasjonar kan no planlegge å møte opp fysisk.

Helsestasjonen er for tida lokalisert på rådhuset på Larsnes. Du skal bruke inngongen på baksida av huset 
Ta kontakt dersom de lurer på noko.

Meir info finn du på helsestasjonsportalen.

Kontakt

Sara Fugledal Wiik
jordmor
E-post
Telefon 70 02 67 60
Mobil 91 52 97 30