Hippo likar ikkje plast i naturen

Klikk for stort bilete Det veit barna i Haugelia barnehage. Hippo og vennane er med på tur og leitar etter ting i naturen som ikkje høyrer heime der. 

Barna har vist stor interesse for forsøpling av naturen, og spesielt all plasten dei finn i fjøra. I mai las vi boka "Sjøhesten Hippo og plasten i havet" av Ina Giske og denne boka skapte så stort engasjement at barnehagen vil jobbe med temaet dette året. Temaet for året er "Naturvern med Hippo" og gjennom heile året vert Hippo og vennane sentrale.

Framover kjem Hippo med oppdrag til borna og dei vaksne. I september har barna lært om dei nye symbola for resirkulering og har aktivitetar knytt til det. Andrea frå SSR har vore besøk i lag med fuglen Lunden og  fortalt om resirkulering. Og no har Haugelia barnehage fått flotte bossdunkar frå SSR slik  at store og små kan sortere rett.

Klikk for stort bileteSorteringsboksar Sande kommune   

Barnehagen samarbeider med forlaget, forfattaren og SSR om prosjektet - og bestemor Johanne Peggy Gotten Pettersen har hekla figurar til barnehagen. 

Haugelia barnehage håper dei  klarer å verte ein meir miljøbevisst barnehage, og Miljødetektivane passar på! 

Barnehagen oppfordrar alle store og små om å engasjere seg i kampen mot plasten og andre ting som ikkje skal øydelegge naturen vår!  

Hippo har ein eigen spleis til inntekt for TV-aksjonen. Den er oppretta av forfattaren Ina Giske.