Høg vasstand i starten av veka - opptil ein meter over normalen


Klikk for stort bileteGarebuda i Haugsbygda Tor Sivertstøl  Sande kommune har motteke beredskapsvarsel frå fylkesmannen om at det vert svært høg vasstand måndag og tysdag.

Det vert ekstrem høg vasstand i morgon måndag 10 feb ca kl 24.00 og tysdag 11 feb ca kl 12.00.  Vasstanden kan kome opp mot kote 3,08 sjøkartnull eller kote 1,84 landkartnull. Dette er ca 30 cm høgare enn det vi hadde 15 jan.
Bed alle som har innretningar og bygningar i strandsone om å gjere nødvendige tiltak.

Toppnivået vil vare i ca 2 timar frå kl 23.30 til 01.30 i natt.

Nye naust (golv) kan i dag byggast på kote 1,75 landkartnull og mange eldre naust har ei lavare beliggenheit enn dette.

Sande kommune vil ha beredskap komande natt (teknisk vakt 700 29 176) og er tilgjengelege. 

Vi har definert ut fleire kritiske punkt i kommuna:

  • Naustområde og Adolfsbuda i Gjerdsvika
  • Nordre deponi i Gjerdsvika
  • Pumpestasjon ved Sanco
  • Området rundt Sjølyst i Haugsbygda
  • Pumpestasjon ved Gs Marine
  • Pumpestasjon ved Larsnes ferjekai
  • Pumpestasjon ved Steinar Skoge
  • Elv ved gamle Larsnes skule
  • Mikkelholmen på Sandsøya
  • Pumpestasjon på Sandshamna
  • Kvamsøya > lavtliggande vegar

 

Har du båt? Sjekk fortøyingane. Landgangar på flytbrygger kan vere særleg utsett. Elles er det viktig å sikre lause gjenstandar i naust og i strandsona. 

Oppdatert varsel om tidevatn finn du på Kartverket sine nettsider.